tirsdag 30. oktober 2012

Kabale - Bryllup


Kabale
OO yes, då var helga i Kabale innhenta, gjennomført og motatt. Me reiste den 26. kl 07.00 fra Kampala med den kjente postbussen. Litt annleis interiør på bussen en det me har i Noreg. Her er det både to og tre seter i breidden og alle vidusplasser har eit vindu du kan opne for å lufta eller kaupe mat, drikke og andre flotte greier som blir solgt på holdeplassane. Før avreise fekk me litt info og sjølvsagt ei fin bønn for å velsigne turen, av sjåføren sjølve, meget! Vegane i Uganda er eit kapittel for seg sjølve, men stikkord er; vaskebrett i alle sentrum (heftig system med fartsdumpar, om du sit bakerst i bussen lettar du frå setet), andre random humpar og byggearbeid nesten uavbrutt langs den 8 timar lange køyreturen. Kunne sagt mykje om bussturen, men får nøya oss med; buss i Uganda er ikkje som i Noreg! 

 Ankomst Kabale 16:45, der stod Therese og Elisabeth klare som egg til å få besøk av Norske venner fra hovudstaden. På fredagen fekk me sjå kyrkja, arbeidsplassen til kabale-jentene og me fekk eit inntrykk av kor vakert og grønt Kabale er. Forstår at Uganda blir kalla “The Pearl of Africa”. 



Vegarbeid og støv, støv. 


Idyllisk fjellandskap i Kabale!


Arbeidaplassen til jentene i Kabale. 


Bryllup
Laurdagen var kome og bryllupsdagen var i vente. Det starta med ein fin sermoni i kyrkja med tale, sang (ganske så ofte improvisert) og underskrift på ekteskapsløftet. Så hadde me fra strømme eit lite innsalg der me sang velsignelsen, også meget vil eg seia. Så var det bilettaking av brud og andre, deretter var det tid for mæt. Måltidet for gjestene gjekk føre seg ute, mens brudeparet, nær familie og (sjølvsagt i uganda) muzunguane(me) åt eigen mat i eit eige rom. Etter mat gjekk me ut for å høyra på talar, sangar, dans og gåveutdeling til brudeparet. Opplegget ute tok brått slutt da ein storm ankom Kabale I fem tida, det regna bøtter og spann, såpass at resten av festen blei avlyst. Litt kjedelig, men me håper dagen var ein sukse for brudeparet. Dei ser på regn som ei velsigning, ikkje som uvèr.




Jentene er kledd i den tradisjonelle kvinnedrakta. 


Kleskode og gudstjeneste
ganske likt som i noreg.


Liten kollekt til brudeparet, tydeligvis mest
symbolsk fordi folk gav relativt lite. 


8-9 bilar i tog for å ta bryppulsbilete. 






Veldig fint pynta! Potensialet var stort. 


Men regnet og vinden var ikkje heilt på lag, dette er
1,5 time ut i festen og dei fleste har  røymd området. 
Lake Buyonyi
Lake Bunyonyi var destination station på sundagen. For å komme seg til innsjøen må man køyra, så me jumpa på kvar vår boda. Turen opp til innsjøen var i seg sjølve som tysk smuldre kake for augene, fantastisk natur! Lake Bunyonyi er Afrikas nest djupaste innsjø og Ugandas djupaste, omgivnadane gjer den ikkje mindre attraktiv. Me leigde ein båt med guide som viste oss litt rundt innsjøen. Der fekk me blant anna sett Punishment Island, der blei  kvinner som var blitt gravide utanfor ekteskap sett til å døy (men som regel blei dei redda før den tid). Veldig stilig innsjø, det var ingen området ubebudd (noko som går igjen i heile Udanda), og jordbruk alle plasser det let seg gjera. Lake buyonyi blir i Uganda kalla for det Ugandas Sveits grunna det flotte fjellandskapet. Me hadde ein strålande dag som føyer seg inn i rekka av strålande dagar her i Uganda!


Hoteller langs innsjøen, veldig idyllisk.





 Etter ei innhaldsrik helg i Kabale bar det på måndagen heim att til Kampala. Livet i Uganda er herlig!

Uganda - Zambia

Ein liten smakebit av stemmningen me opplevde den 13. okt, Uganda vs Zambia

torsdag 25. oktober 2012

Til skreddaren

Bryllup i Uganda er ikkje som i Noreg, her inviterer du alle du kjenner, kolegar, familie, vener og kjente. Eit bryllup kan husa over 300-500 gjester! Man treng heller ikkje vera invitert for å koma i eit bryllupp, det er simpelthen berre å dukka opp.

Skreddaren starta opp ved hjelp av mikrofinans,
flink dame!

No har me 2 bryllup på tapetet. Det første er for kontaktpersonen til dei som jobbar på Drucilla i Kabale, ho skal gifta seg på laurdag og me blei invitert med ein gong me ankom Uganda. Det andre er eit tradisjonelt bryllup til veninna til Kathrine, grunnleggjaren av Miles2Smiles.


I sist veke tok me turen til skreddaren for å sy oss ein dress, jentene fekk sydd seg ein Gomes (Ugandisk nasjonaldrakt for damer) og i dag fekk me resultatet. Buksene måtte sys litt inn (dei likar store og slaskete bukser her nede) men utanom det var resultatet over forventa. No har me fått oss dress med vest, skjorte, slips og svarte sko, klar for bryllup!



Litt posering for syns skuld. 

Og litt meir..

...

Dei har ikkje noko nasjonaldrakt for menn, men dei har eit plagg dei bruker når mennene skal introdusere den komande kona si for familien sin. Det same plagget bruker dei i såkalte "tradisjonelle" bryllup. Det er eit plagg som ser litt arabisk ut, ein kvit kappe du har under dressjakka. Det ser veldig merkeleg ut, men ja, festleg greie!

På fint heintar det Kanso. Det er meininga
å ha denne utanpå dressen men under dressjakka.

I morgon set me altså i marsj mot Kabale, sør-vest i Uganda. Ser fram til å sjå litt av landsbygda og naturen Uganda har å by på!

lørdag 20. oktober 2012

Årleg utflukt med Miles2Smiles

Ein gond i året har Miles2Smiles ein utflukt, anten til ei strand, til ein leikeplass, eller i dette tilfelle; Wonderland. 


Veldig klar for wonderland! 


Køkulturen er noko anna enn i Noreg, her står dei på rams. 

På onsdag reiste team "two boys and two girls" med Miles2Smiles til ein fornøyelses park rett ved utkanten av vakre kampala. Dagen starta med opp lineing og telling av ungane. Utruleg nok stod 126 ungar muse stille i 30 min for å bli opptelt og for å vente på bussen. Grei disiplin på kidsa! Det var bare ein buss, så dei måtte bli delt inn i to grupper. Halvor, Marie, Camilla, Jørund og nokon andre staff members reiste med 63 ungar i den første pulja. Bussen hadde max 30 plassar, men det var ingen problem, då var det bare å stable høyden. Fra 09.00 til 13.00 sprang ungane rundt på forskjellige karusellar, så når kl nærma seg mat, var dei meget utslitt og mangen sovna sittande. 


Var ikkje problem med plassen. 


Kathrine i karusell med ungane. 




Det er ikkje fyse når ein ikkje får den daglege søvnen!

Også eit høgdepunkt, ein brus til kvar!

Ris og nøke ekte kjøt, var på menyen til lunsj, meget! Pluss at alle ungane fekk kvar sin brus, bra sak!

Spreke nannyar som prøvde seg på karusell. 

Etter lunsj var det ein time med leik på ein stor leikeplass før fyrste gruppe reiste tilbake i fire tida. Team "Beautiful" blei med andre gruppa tilbake, men bussen kom ikkje før 19.30, så dei blei ein del venting på leike og parkeringsplassen. Når me endeleg kom heim, hadde det vert ein fantastisk dag, både for oss og ikkje minst for ungane på Miles2Smiles!





mandag 15. oktober 2012

Nasjonalkamp!

Jah, eit lite lagbilete før avreise..
 Jepp, då  var me så heldige å få lov til å bli med på nasjonalkamp. Om eg har forstått dette rektig så var det sist i 1978 Uganda kvalifiserte seg til Africa Cup. For å kvalifisera seg må dei slå Zambia, vinnarane av Africa Cup i fjord. Første kamp mot Zambia enda med 1-0 tap, Uganda måtte difor vinna med 2 mål for å kvalifisera seg direkte.

Det kjem ein liten filmsnutt om fotballkampen men grunna litt dårleg nettkapasitet her nede så tek det litt tid.


Mange som tjente ein slant på å mala dei nasjonale fargane!

Ein av mange sprø menn..

Mhm. 
Om det var varmt? Me fekk heldigvis skyggeplass på tribunen. 

..

Litt oversikt, 3 timar før kampstart vel å merka. 

Me kom til stadion i 12 tida på dagen, då var det 4 timar igjen til kampen skulle starte. Det var folk overalt og for kvart skritt du tok var det nokon som ville slega deg maling i fjeset, fotballdrakt, vuvuzela, mat, caps, ja alt du kunne tenkja deg. Det var ein folkefest utan like, fantastisk stemning!

Etter 4 timar med underhaldning på stadion var det duka for kamp for ein fullsatt stadion. Me trudde lydnivået var på topp då spelarane kom ut på bana, folk hoppte, skreik, jubla og blåste i alle blåseintrument du kan tenkja deg. Men då Uganda scora midt i første omgang tok det heilt av! Kan ei forklarast, må erfaras. Om de ein gong reiser til Afrika, gå på fotballkamp (sjølve om ein slik moglegheit ikkje byr seg så ofte).

Det var kort og godt ein fantastisk oppleving som me seint kjem til å gløyma!


All form for skygge var kapra på tribuna,
rundt 50 000 tilskodarar møtte opp. 

Det enda med 1-0 siger til Uganda, men grunna 1-0 tap i sist
oppgjer måtte det straffekunk til for å avgjera kven som kvalifiserte seg. 

Etter mykje jubling og hoiing enda det dessverre med
 at Zambia gjekk av med sigeren. 

Skuffelsen var til å ta og føla på. 

fredag 12. oktober 2012

Frisørtime

Fekk beskjed på Strømmekontoret at me burde holda oss sjepelege, kler burde strykas og håret burde sjå bra ut. Så då bar det til frisøren for å stussa litt på sveisen.

Her nede har 99,9% av alle mannfolk under 1 cm hårlengde, så dei er ikkje vane med å behandla litt lengre hår hjå gutar. Litt misstolking førte difor til at me fekk (ganske) kort hår begge to, 10 år yngre på ein halvtime er ikkje gale! Me får sjå på det positive, voldsomt greit med kort hår her i Uganda, treng ikkje meir pels på hovudet enn nødvendigt.





Det blei kort nok!

torsdag 11. oktober 2012

Første arbeidsveke, vell gjennomført!

Då har me gjennomført vår første arbeidsveke her i Kampala, litt amputert grunna feiring av nasjonaldag 9. okt, 50 sidan britisk koloni må feiras! Me har vore litt usikre på kva arbeidsdagen vår inneber, kanskje spesielt på skulen der me skal driva me CHRISC. Men denne veka har til dels gitt svar på det.. Me kan starta med Miles2Smiles der arbeidsoppgåvene er veldig opp til ein sjølve. På miles er det unger fra 9 månder til 5 år. Dei blir delt inn i 4, dei minste har eit lite rom på plassem, men er mest ute og leiker. Så er det baby class, der er det ungar opp til 3 år. I middle class er dei 4 år, og i topp class er dei 5 år. Klassane for undervisning i engelsk og andre lifeskills.

Dagane på miles2smiles er hektiske, ikkje masse pause og ein drøss med unger som skal klatre eller ta på deg til ein kvar tid. Men kver enkelt unge er heilt unik og utrulig nydeleg, så det som er litt tungt, blir selfølgelig verdt det! Dagleg leder og grunnleggar Catherine er eit fantastisk menneske som har starta dette magiske prosjektet. Ho har også klart å skape eit veldig godt arbeidsmiljø der alle er like og alle gjer alt. Det er altså 200-250 ugnar på Miles2smiles der dei fleste berre har mor si igjen, å få gå på m2m gjer at mor til barnet kan dra på torget, eller noko anna utan å låsa inne ugnen sin heime eller dra den med seg på jobb. Det er eit veldig bra tilbod med mange utrulig flotte ungar!

Ein liten leik første dag på jobb i den kjente morning circle

Cathrine, dagleg ledar og grunnleggar

Ikkje alltid lett å reise seg

Ein av heltane på Miles2smiles

lagar morning porridge

utdeling av lunsj

also a hero

Torget under Independence Day, var heilt enormt med folk, rykte sa 1 million mennesker, var nok ikkje langt frå sanninga! Fascinerande!


Me skal rulere litt på kven som jobba i saman på dei to prosjekta, denne veka har Halvor og Camilla jobba på CHRISC, Camilla har forkalrt vår første dag på St. Martins på bloggen sin; http://camillainuganda.blogspot.no/2012/10/frste-arbeidsdag-chrisc.html Det var med andre ord veldig overveldande, rett på sak frå første stund! Korleis dagen på St. Martins blir vil nok forandra seg gjennom månadane grunna ferie og litt opplegg i helgar og slikt. Men ein vanleg dag på skulen er enkelt og greit at man hukar tak i ein klasse (80-100) elevar. Først har me ei samling med bønn og nokon velvalgte ord om å dela mat med andre, kor viktig skule er, eller anna. Så har man ei økt med gym, altså ulike leikar og ballspel. Etter endt dag har me ein Lugandatime før me reiser heim. Om me ikkje gidder å ha gymtimar kan me ta ein tur til Strømmekontoret for å gjera litt kontorarbeid. Grei avveksling i ny og ne. Det er litt opp til oss sjølve korleis dagen blir, men blir veldig bra. Det er 1000 fantastiske ungar mellom 4 og 14 år som elskar å ha Muzungus å leika med og som ler seg i hjel når me ikkje klarar å snakka rektig på Luganda. Yes, CHRISC blir bra.
Linselus, mange av dei!
Fast bønn før timen startar. Josef i midten, veiledaren vår på skulen.
Fotballbana på¨St. Martins med 3 flotte trer midt på bana, funker fjell!
Oppdeling i lag før fotballtrening.
Oppvarming, veldig festleg!
360 oversikt over skulegarden!