lørdag 20. oktober 2012

Årleg utflukt med Miles2Smiles

Ein gond i året har Miles2Smiles ein utflukt, anten til ei strand, til ein leikeplass, eller i dette tilfelle; Wonderland. 


Veldig klar for wonderland! 


Køkulturen er noko anna enn i Noreg, her står dei på rams. 

På onsdag reiste team "two boys and two girls" med Miles2Smiles til ein fornøyelses park rett ved utkanten av vakre kampala. Dagen starta med opp lineing og telling av ungane. Utruleg nok stod 126 ungar muse stille i 30 min for å bli opptelt og for å vente på bussen. Grei disiplin på kidsa! Det var bare ein buss, så dei måtte bli delt inn i to grupper. Halvor, Marie, Camilla, Jørund og nokon andre staff members reiste med 63 ungar i den første pulja. Bussen hadde max 30 plassar, men det var ingen problem, då var det bare å stable høyden. Fra 09.00 til 13.00 sprang ungane rundt på forskjellige karusellar, så når kl nærma seg mat, var dei meget utslitt og mangen sovna sittande. 


Var ikkje problem med plassen. 


Kathrine i karusell med ungane. 




Det er ikkje fyse når ein ikkje får den daglege søvnen!

Også eit høgdepunkt, ein brus til kvar!

Ris og nøke ekte kjøt, var på menyen til lunsj, meget! Pluss at alle ungane fekk kvar sin brus, bra sak!

Spreke nannyar som prøvde seg på karusell. 

Etter lunsj var det ein time med leik på ein stor leikeplass før fyrste gruppe reiste tilbake i fire tida. Team "Beautiful" blei med andre gruppa tilbake, men bussen kom ikkje før 19.30, så dei blei ein del venting på leike og parkeringsplassen. Når me endeleg kom heim, hadde det vert ein fantastisk dag, både for oss og ikkje minst for ungane på Miles2Smiles!





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar