mandag 15. oktober 2012

Nasjonalkamp!

Jah, eit lite lagbilete før avreise..
 Jepp, då  var me så heldige å få lov til å bli med på nasjonalkamp. Om eg har forstått dette rektig så var det sist i 1978 Uganda kvalifiserte seg til Africa Cup. For å kvalifisera seg må dei slå Zambia, vinnarane av Africa Cup i fjord. Første kamp mot Zambia enda med 1-0 tap, Uganda måtte difor vinna med 2 mål for å kvalifisera seg direkte.

Det kjem ein liten filmsnutt om fotballkampen men grunna litt dårleg nettkapasitet her nede så tek det litt tid.


Mange som tjente ein slant på å mala dei nasjonale fargane!

Ein av mange sprø menn..

Mhm. 
Om det var varmt? Me fekk heldigvis skyggeplass på tribunen. 

..

Litt oversikt, 3 timar før kampstart vel å merka. 

Me kom til stadion i 12 tida på dagen, då var det 4 timar igjen til kampen skulle starte. Det var folk overalt og for kvart skritt du tok var det nokon som ville slega deg maling i fjeset, fotballdrakt, vuvuzela, mat, caps, ja alt du kunne tenkja deg. Det var ein folkefest utan like, fantastisk stemning!

Etter 4 timar med underhaldning på stadion var det duka for kamp for ein fullsatt stadion. Me trudde lydnivået var på topp då spelarane kom ut på bana, folk hoppte, skreik, jubla og blåste i alle blåseintrument du kan tenkja deg. Men då Uganda scora midt i første omgang tok det heilt av! Kan ei forklarast, må erfaras. Om de ein gong reiser til Afrika, gå på fotballkamp (sjølve om ein slik moglegheit ikkje byr seg så ofte).

Det var kort og godt ein fantastisk oppleving som me seint kjem til å gløyma!


All form for skygge var kapra på tribuna,
rundt 50 000 tilskodarar møtte opp. 

Det enda med 1-0 siger til Uganda, men grunna 1-0 tap i sist
oppgjer måtte det straffekunk til for å avgjera kven som kvalifiserte seg. 

Etter mykje jubling og hoiing enda det dessverre med
 at Zambia gjekk av med sigeren. 

Skuffelsen var til å ta og føla på. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar