fredag 30. november 2012

Å flytta fokus, snart jul!


Emanuel utdannar seg innan sosialt arbeid og administrasjon, han er halvvegs på sitt 3. og siste år. Gjennom studiane har han praksis i ein organisasjon/bedrift som driv sosialt arbeid. Ingen ville stoppa han i å velja ein betalt arbeidsplass men han har valde å jobba på Miles2Smiles. Også her kunne han ha krevja betaling for det arbeidet han gjer, men av eigen vilje har han valt å jobba ulønna. Då eg snakka med han om valet av arbeid, sa han dette; ”Working with these kids is a lot more worth than money”.

Working with these kids is a lot more worth than money”. Kva betyr det å seia noko slikt? Ein set det som burde vere øvst på prioriteringslista nettopp øvst på prioriteringslista. Pengar er grunnmuren i det materialistiske samfunnet me i Noreg boltrar oss i, å kunna fråseia seg denne grunnsteinen til fordel for noko som er verdilaust i valuta høyres kanskje ut som dumskap for nokon. Men det er vel nettopp dette me alle burde strekkja oss etter, å kunna seia det same som Emanuel og meina det på same tid? Å flytta fokus frå det materialistiske over til det medmenneskelege er ikkje lett på nokon som helst måte, men er det til sjuande og sist dette som betyr noko? 

Det nærmar seg jul, mange utgiftspostar og mykje å hugsa på. Eit par fakta før du set i gong med dyre handleturar. Som den ekta nordmann du er, føyer du deg inn i rekka av av dei 20% i verda som set krav på 80% av verdas ressursar og den gjennomsnittlege årsløna i Noreg kan løna ikkje mindre enn 60 politifolk i Uganda (12 timar arbeid 6 dagar i veka). Prøv i desse juletider å setja pris på det du har, kanskje gi nokre alternative gåver (Kirkens Nødhjelp) og hugs på familie og venner, det som eigentleg er verdt noko.

onsdag 28. november 2012

Bodaboda-irritasjon

Om du undras kvifor kleskoden er bukse, i Uganda,
er det grunna kyrkjegang. Dykk må ikkje få inntrykk
av at det er kaldt her nede!


Bodaboda
I det siste har eg og Halvor fundert litt på kvifor mange bodasjåførar seier nei til å transportera oss. Mange følesar og tankar har funne vegen inn i dei to kreative, store og viduderlige hjernane våre. Bodaer som seier nei til ein pris som eigentleg er ok er eit til tider stort irritasjonsmoment i kvardagen. Me skjønner ikkje kvifor dei heller vil sitta på bodaen sin på hjørne enn å tjene pengar! Me hadde kanskje forstått det om prisen me tilbyr er for låg, sjåføren ikkje veit kvar me skal, om sjåføren er sliten/sjuk eller om dei har ein annan openbar grunn. Men dette er sjeldan tilfelle. Når me også veit at om ein lokal hadde tilbudt same pris for same strekning ville dei kjøyrd, blir me litt irritert. Ikkje bare fordi dei seier nei, men mest fordi dette er ein totalt ulogisk tankegang! Kvifor stå å venta når du kan køyra ein tur du vil tjena pengar på? Er dag-for-dag tankegangen til bodasjåførane så sterk at om dei har tjent nok pengar til dagens føde er dagens innsats god nok? Me veit ikkje kva desse bodasjåførane eigentleg tenkjer, og dei har sikkert sine grunnar, men det er ikkje alltid like lett for oss å sjå dei. Denne dag-for-dag tankegangen fungerer for mange, det verkar som det er slik fleirtalet her i Uganda tenkjer.

Det kan seiast mykje om dette tema, men det viktigaste for oss begge var i fyrste omgang å utrykka vår frustrasjon over det som ofte verkar veldig ulogisk for ein vassekta nordman. Takk for oss. Himla greit med boda då, tross alt.



Eit lite innblikk frå bybilete ein travel fredagskveld


Harde forhandlingar om ei krone frå eller til.
Det er blitt like mykje prinsipp som økonomi å
forhandla seg fram til rett pris.  






mandag 26. november 2012

Logikk


For nokon kan Uganda virke litt vilt, uorganisert, andreledes og rart. Men for meg har alle dei rare, ville tinga blitt meir logisk.

Kommer ein nordmann ned til uganda og ser trafikken for første gang vil han/ho føle ein kombinasjon av frykt, irritasjon og forvirring. Her nede kjører dei tre i ein felts vegar, tutar oftare enn dei bremsar, motorsyklar og mopedar som kjøyrer sikksakk mellom bilane, svære høl i asfalten, masse blinking med lys, alle inn i rundkjøringen samtidig og generelt alt for mange bilar og motorsyklar til at det kan gå bra i lengden. For meg har alt dette blitt meir logisk, kvifor skal du ikkje tute når det kjem ein bil i feil rettning, ein fra sida og to stk som vil krysse vegen.  Kvifor ikkje fylle opp heile vegen når det er plass til fleir. Og i rundkjøringa knuser du bare på så blir det ledig rom for deg.

Why not?

Når det regner her nede blir plutseleg gatene tomme, fotballbanar tømt og alle uteområde stille. For oss i Norge er dette litt rart, men har begynt å skjønner kvifor det er slik. Ikkje alle prioriterer å kjøpe dyre regklede eller paraplyar, ikkje alle har mange klede å velge mellom, så vist noko blir våt har dei ikkje alt for mange valg mulighetar, og kvifor vere våt når ein kan vere tørr.
På skulen mi jobber har dei ein fotballbane som blir bruk til gym, leik og selvfølgelig fotball. Hadde det vert i Norge hadde det aldri vert ein fotballbane på den plassen, for spred rundt på banen er det fem store tre som kunne for oss nordmenn, stått i vegen.  På St. Martin er dette ingen problem, det er nok plass og det går veldig fint å spille fotball eller ha andre aktiviteter der.
Fotballbanen på Saint. Marin

Dette henger kanskje samme med at mangen leve livet sitt dag for dag. Vist dei overlever trafikken i dag er det meget, vist dei har nok pengar for dagen er dei nøgd og morgon dagen tar ein når den kjem. 



Leiker seg med strømmen

Uganda har vist meg at du ikkje trenge perfeksjon for å få det til, ikkje døm før du veit kva du ser/opplever, og i mange tilfeller er det enkle det beste.   

lørdag 10. november 2012

Gi vekk klede du ikkje bruker

Dagens appell; gi kleda du har til overs til ein organisasjon eller liknande som kan frakta dei til mennesker som treng det! 

4 kassar med kler må sorteras før utdeling. 


Miles2Smiles har ein avtale med ein som jobbar i British Airways. Klede som har lugget for lenge i "lost and found"-avdelinga blir sendt til Miles2Smiles. Ein utruleg bra avtale som fører til at det opp til ein gong i månaden kjem inn ein koffert eller fire med klede som kan delast ut!





Ja, ALLE vil få seg eit plagg!














Baksida av gullmedaljen

For å gjera dette klinkande klart; dette innlegget syner ikkje den ugandiske kvardagen, heller ikkje kvardagen på eit normalt Ugandisk sjukehus.


For å ta ting i rett rekkefølgje. Me har på Safari Homes (vår heim) truffet eit team frå Amerika som kallar seg Code: Purple. Dei har vore på turnè i afrika for å promotera og laga ein film om produktet deira. Dei har utvikla eit stoff som inneheld kjemikaliar for å halda Myggen på avstand. Veldig interessante folk med gode hjerter, inspirert av Gud. 

På Sundag, 2 dagar før dei skulle reise heim att til Amerika, lurte dei på om eg og Jørund på måndagen kunne fylgja dei til sjukehuset for å treffa ein person som dei kom over i ein landsby, som dei berre måtte hjelpa. Han hadde ein hudsjukdom i foten, noko som gjorde at halve foten var råtna/tært vekk. Mannen hadde ingen pengar og sjukdomen vil til slutt ta livet av ham om han ikkje får behandling. Team: Purple fekk frakta han til Kampala, til det einaste gratis sjukehuset i Uganda som også er det største. Dei ville at me kunne besøka han når dei reiste tilbake til Amerika, så fyrst måtte me presenterast.

Me kom til sjukehuset, eit stort området med mange store bygningar frå 60-talet, godt brukt.  Det stod fattige Ugandarar i kø overalt for å få gratis behandling. Etter kvart kom me til akutt-avdelinga der vår mann var innlagt. Synet som møtte oss kan ikkje seiast med ord og bør ikkje forklarast for detaljert, eit syns me aldri kjem til å gløyma eller kjem til å sjå likeins til igjen(håpar me). Pasientar låg på gamle metallsenger, nokon med madrass, andre med papp, nokon rett på metallet. Nokon hadde laken, andre hadde ei jakke og mange hadde ingenting, fleire låg i fosterstilling og fraus. Rundt 30 pasientar med stygge skadar låg og venta på behandling. Blodtrekte, blaute eller skitne laken, opne sår, illeluktande, folk med skadar du berre ser på film, fluer og mygg som fritt kunne boltra seg utan å bli hindra av myggnett eller nett forran vindauge og dører. Forholda var horible og skadane like så! Traff blant anna ein som hadde vore utsett for ein brann dagen før, armane og nevane var totalt forbrent, ubeskriveleg syn, fjeset hans var nokså prega. Han låg på andre døgeret og venta på behandling, armane og fjeset låg heilt opne og ubehandla. Me fekk gitt han litt saft og samosa(mat), me ba også ei lita bønn for han, noko han sette særs stor pris på! Familien hans dø i brannen og han hadde få eller ingen til å ta seg av seg. Det var berre å innsjå at han ikkje hadde lenge igjen å leve, om ikkje skaden i seg sjølve var nok vil infeksjonar og bakteriar ta livet av han. (Refererer til at dette ikkje er representativt for Uganda som heilskap, dette var akuttavdelinga på ugandas største sjukehus, og ugandas einaste gratis som sådan!)
Me traff vår mann. Dei tok nokre prøvar av beinet hans og han blei beden om å koma tilbake 15. des, allt tyder på at det blir amputasjon av beinet. Hyggeleg mann som sette veldig pris på å få hjelp! Han kjem til å klara seg om ting går som planlagt.


Henry har sjekka ut, kjem tilbake i midten av des.
Veldig glad mann, blir spanande å fylgja han. 


Man får ingenting gratis her i verda, heller ikkje i Uganda. Eit gratis sjukehus ja, men pasientane betalar ein særs høg pris via mangel på doktorar, sjukepleiarar, kapasitet, god hygiene og utstyr(både medisinsk, sanitært og administrativt). All ære til dei som jobbar på dette sjukehuset med låg lønn, vanskelege arb. forhold og ja, mangel på alt som trengs for å driva eit sjukehus medan straumen av pasientar som treng behandling er enorm! Dei er rett og slett heltar i kvardagen!. MEN, det er ekstremt bra at dette sjukehuset finnes, fattigdomen er stor og ekstremt mange ville aldri hatt moglegheiten til å betala for seg på eit sjukehus! For mange ville alternativet til dette sjukehuset vore ingen behandling, overlatt til seg sjølve, familie og venner utan ressursar til å gjera nokon ting.