![]() |
Skreddaren starta opp ved hjelp av mikrofinans, flink dame! |
No har me 2 bryllup på tapetet. Det første er for kontaktpersonen til dei som jobbar på Drucilla i Kabale, ho skal gifta seg på laurdag og me blei invitert med ein gong me ankom Uganda. Det andre er eit tradisjonelt bryllup til veninna til Kathrine, grunnleggjaren av Miles2Smiles.
![]() |
Litt posering for syns skuld. |
![]() |
Og litt meir.. |
![]() |
... |
Dei har ikkje noko nasjonaldrakt for menn, men dei har eit plagg dei bruker når mennene skal introdusere den komande kona si for familien sin. Det same plagget bruker dei i såkalte "tradisjonelle" bryllup. Det er eit plagg som ser litt arabisk ut, ein kvit kappe du har under dressjakka. Det ser veldig merkeleg ut, men ja, festleg greie!
![]() |
På fint heintar det Kanso. Det er meininga å ha denne utanpå dressen men under dressjakka. |
I morgon set me altså i marsj mot Kabale, sør-vest i Uganda. Ser fram til å sjå litt av landsbygda og naturen Uganda har å by på!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar