torsdag 11. oktober 2012

Første arbeidsveke, vell gjennomført!

Då har me gjennomført vår første arbeidsveke her i Kampala, litt amputert grunna feiring av nasjonaldag 9. okt, 50 sidan britisk koloni må feiras! Me har vore litt usikre på kva arbeidsdagen vår inneber, kanskje spesielt på skulen der me skal driva me CHRISC. Men denne veka har til dels gitt svar på det.. Me kan starta med Miles2Smiles der arbeidsoppgåvene er veldig opp til ein sjølve. På miles er det unger fra 9 månder til 5 år. Dei blir delt inn i 4, dei minste har eit lite rom på plassem, men er mest ute og leiker. Så er det baby class, der er det ungar opp til 3 år. I middle class er dei 4 år, og i topp class er dei 5 år. Klassane for undervisning i engelsk og andre lifeskills.

Dagane på miles2smiles er hektiske, ikkje masse pause og ein drøss med unger som skal klatre eller ta på deg til ein kvar tid. Men kver enkelt unge er heilt unik og utrulig nydeleg, så det som er litt tungt, blir selfølgelig verdt det! Dagleg leder og grunnleggar Catherine er eit fantastisk menneske som har starta dette magiske prosjektet. Ho har også klart å skape eit veldig godt arbeidsmiljø der alle er like og alle gjer alt. Det er altså 200-250 ugnar på Miles2smiles der dei fleste berre har mor si igjen, å få gå på m2m gjer at mor til barnet kan dra på torget, eller noko anna utan å låsa inne ugnen sin heime eller dra den med seg på jobb. Det er eit veldig bra tilbod med mange utrulig flotte ungar!

Ein liten leik første dag på jobb i den kjente morning circle

Cathrine, dagleg ledar og grunnleggar

Ikkje alltid lett å reise seg

Ein av heltane på Miles2smiles

lagar morning porridge

utdeling av lunsj

also a hero

Torget under Independence Day, var heilt enormt med folk, rykte sa 1 million mennesker, var nok ikkje langt frå sanninga! Fascinerande!


Me skal rulere litt på kven som jobba i saman på dei to prosjekta, denne veka har Halvor og Camilla jobba på CHRISC, Camilla har forkalrt vår første dag på St. Martins på bloggen sin; http://camillainuganda.blogspot.no/2012/10/frste-arbeidsdag-chrisc.html Det var med andre ord veldig overveldande, rett på sak frå første stund! Korleis dagen på St. Martins blir vil nok forandra seg gjennom månadane grunna ferie og litt opplegg i helgar og slikt. Men ein vanleg dag på skulen er enkelt og greit at man hukar tak i ein klasse (80-100) elevar. Først har me ei samling med bønn og nokon velvalgte ord om å dela mat med andre, kor viktig skule er, eller anna. Så har man ei økt med gym, altså ulike leikar og ballspel. Etter endt dag har me ein Lugandatime før me reiser heim. Om me ikkje gidder å ha gymtimar kan me ta ein tur til Strømmekontoret for å gjera litt kontorarbeid. Grei avveksling i ny og ne. Det er litt opp til oss sjølve korleis dagen blir, men blir veldig bra. Det er 1000 fantastiske ungar mellom 4 og 14 år som elskar å ha Muzungus å leika med og som ler seg i hjel når me ikkje klarar å snakka rektig på Luganda. Yes, CHRISC blir bra.
Linselus, mange av dei!
Fast bønn før timen startar. Josef i midten, veiledaren vår på skulen.
Fotballbana på¨St. Martins med 3 flotte trer midt på bana, funker fjell!
Oppdeling i lag før fotballtrening.
Oppvarming, veldig festleg!
360 oversikt over skulegarden!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar