mandag 25. februar 2013

Tur med CHRISC

I sist veke var me tilbake i den sør-vestlege delen av Uganda, nærmare bestemt Kisoro og Kabale og anledninga var workshops med CHRISC. Gjennom CHRISC skal me i løpet av våren rundt til alle distrikta (Kabale, Kisoro, Ndejje, Arua og Mbale) for å halda workshops/ leiartrening. Me har laga eit program som går på haldningar, sjølvtillit, teambuilding og feedback på organiseringa av CHRISC. 


Spesielt naturfenomen me oppdaga på vegen. Veit i grunn ikkje om
det er så spesielt, var i alle fall veldig fint. 

Kisoro- district. 

Utsikt til Lake bunyniy, fantastisk landskap. 

Kisoro district ligg på grensa til Rwanda og Kongo, grunna
 mykje urolegheiter i Kongo kjem det mange flyktningar til
Uganda fram til det er trygt å reisa heim att. Dette
er ein av leirane, sett opp av FN. 

Kisoro- district
Kisoro er eit fantastisk område, mest grunna klimaet som er utrulig frodig med flotte fjell og mykje landbruk (matoke og irish potatoe). Som Semei sa på førehand er Kisoro best i klassen når det gjeld "african time", dette har nok mange grunnar men den lange avstanden mellom villegane kombinert med lite transport er nok største grunnen. Heile tysdagen køyrde me opplegget vårt mens Semei brukte onsdagen til sin evaluering av CHRISC. Alt i alt to gode dagar, deltakarane sette pris på seminara og me hadde det kjekt. 



Altid mange som har lyst til å seia noko, her er det pastoren. 

Marie på god gli!

Evaluering av CHRISC. Å fylla ut skjema på PC for
ugandarar er nesten verdt eit eige blogginlegg, men det
gjekk seg til med ein god dose tips og veiledning. 



Pygmy-folket
Pygmy-folket er eit folkeslag som opphaveleg er kortvaksne, å seia at alle fortsatt er kortvaksne er feil(grunna nye gen som har kome inn i bilete), men mange er det fortsatt korte og dei er ganske karakteristiske i og med at deira eigentlege habitat er skogen. Ein stamme frå pygmy-folket (om lag 200) blei for 10 år sidan tvinga til å flytta inn til Kisoro sidan store delar av skogen deira vart hogd ned og regjeringa på sikt vil urbanisere pygmy-folket. Lite omsyn blei tekne og trua på at eit folkeslag med tradisjon utvikla gjennom generasjon på generasjon kunne forandra seg på ein augneblink slo (sjølvsagt) feil. Dei har hatt store problem med å venna seg til samfunnet og lever helst av tigging, lokalt alkohol, matrestar og søppel. Me fekk lov til å besøka området dei hadde blitt tildelt og etter kvart aksepterte å bu på, meget interessant men på same tid meget trist. Forholda var horrible, enkelt og greit. Det skal seiast at humøret var på topp, etter at me gav dei litt pengar som betaling for at dei kunne synga og dansa. 




Husa dei bur i. Dei hadde også eit par murhus som dei i
starten ikkje vill ta i bruk, men etter nokre år har dei funne ut
at det kan vera nokså praktisk når det regjar (noko som ikkje
er så sjeldan i dette området.)


Kabale- district
Kabale har nesten lik natur som Kisoro, er difor ikkje så mykje meir å seia om den. I Kabale er CHRISC litt meir utvikla enn i Kisoro, leiarane er også eldre og meir utdanna. Me merka dette godt under seminara våre- stor deltaking og særs gode diskusjonar om viktige tema som blant anna straff av ungar, stjeling, leiarane sitt ansvar når det gjeld sjølvtilliten til deltakarar og mykje anna. Veldig interessant å samla reflekterte undgomar/ unge vaksne å snakka om og diskutera slike grunnleggjande og viktige tema. 




Veldig kjekt å besøka slike området som "arbeidar" og ikkje som turist. Me blir vel å merka behandla og respektert veldig fint sidan me både er muzungu, jobbar for CHRISC og reiser saman med den nasjonale koordinatore (Semei), men tross dette så er me ikkje turistar og det gjer at man får ei litt anna tilnærming på ting. 

Me skal seianre også reisa til Arua, Mbale og Ndejje med same opplegg som i Kisoro og Kabale. 

torsdag 7. februar 2013

Mikrofinans- kva er det?

Mikrofinsgrupper både via CHRISC og Miles2Smiles
Mikrorinans er ei av satsingane til Strømmestiftelsen og me er så heldige å få bli inkludert i slike grupper både via Miles2Smiles og CHRISC. Det er organisasjonane sjølve som har tatt initiativ på å starta opp slike grupper og Strømme har stilt opp med utstyr og eit ferdig designa konsept som er lett å nytta seg av kalla CMMF.

Saman med ein folkehøgskule blei me med til Ndejje, det største og mest aktive CHRISC- distriktet, for å møta nokre slike mikrofinansgrupper. For CHRISC er dette eit nytt prosjekt som vert stara i mars 2012. Dei er no over 60 grupper på 20-30 personar (flest kvinner) og planlegg å auka til talet på grupper så godt det lar seg gjera.

Kva er CMMF?
Community Microfinance Managed Fund er enkelt forklart ein bank med gunstige spareavtalar for dei fattigaste.

Grupper

  • Grupper på 20-30 fattige, idèrike menneske skriv under på ein avtale om danne ei CMMF- gruppe og dei vilkåra som fylgjer med å ta del i ei slik gruppe. 
  • Ei gruppe held på i ein gitt periode, f. eks. 9 mnd. Etter perioden får du 3 val:
    • Etter denne perioden kan du hente ut pengane dine med utbytte.
    • Hente ut utbytte og fortsette i gruppa. 
    • Fortsette i gruppa og la ver å hente ut utbytte - då blir behaldninga di større og du vil kunne henta ut enda større utbytte etter neste periode (same prinsipp som i vanleg bank ved at meir pengar vil tjena meir på rentene). 
Møter
  • Gruppene har møte vekentleg, alle medlemma må møta på kvart møte, det er eit av vilkåra du må signere for å bli med.
  • Om du ikkje møter opp er avtalen at du må betala 5 000 ugx i "bot". 
  • På møte kan man søka gruppa om lov til å ta opp lån, dette kan vere på opp til 3 gonger det beløpet du har spart deg opp i banken. Om gruppa godtek førespurnaden får du utlevert pengane og du må skriva under på at summen du går utdelt er korrekt.
  • På kvart møte leverer du inn opptente pengar til banken, dette blir notert i ei privat bok samt ei felles bok for heile gruppa. 
Møte med alle som er med i gruppa
Sikkerheit
  • Innleverte pengar blir samla i ei kiste med 3 hengelåsar - 3 ulike personar med tillit frå gruppa får utdelt nøkkel til kvar sin hengelås. 
  • Leiaren og dei som har ansvar for pengane er alle personar som heile gruppa føler dei kan stola på og er vald på dette grunnlaget. 
  • Under møte skal kassen med pengar og dei som tel pengane sitja slik til at resten av gruppa har oversikt over det som skjer. 

Boksen med alle pengane og bordet der alle
beløpa som blir levert inn /lånt ut blir notert. 

Mål og gevinst
  • Lån skal betalas tilbake med rente, ofte 5%, men dette er opp til gruppa og blir bestemt av gruppa ved oppstart.
  • Medlemer blir oppfordra til å ta lån sidan dette er gir vekst for banken og gruppa.
  • Både lån og bøter blir i slutten av perioden fordelt på medlemma i forhold til kor mykje pengar den har ståande i banken.
  • Gjennom året blir det utveksla erfaringar og lering gjennom gruppa sine vekentlege samlingar. 
  • Dei fleste medlemene har aldri spart pengar før - dette gir dei nyttig lering om at det går ann å spara og i tilleg tena pengar på det. 
  • Fordelen med desse gruppene er at dei forutan startkapital og retningslinjer er drevet 100% av gruppa.
  • Etter endt periode har gruppa sansynlegvis spart opp ein god pott med pengar. Ei av gruppene me besøkte hadde planar om å bruka dei oppsparte pengane på å bygga ein skule.
Fattige får hjelp til å spara pengar og hjelp til å ta opp små lån som kan vera avgjerande i liva deira. Det er fascinerande korleis eit slikt konsept kan halda det gåande heilt på eiga hand berre ved hjelp av nokre retningslinjer, noko utstyr og ein oppstartsum. Å sjå at eit så enkelt prosjekt, som etter oppstart i teorien er sjølvgåande, har så positive konsekvensar for miljø og enkeltpersonar er mildt sagt imponerande.

Om du har spørsmål eller kommentar - ikkje ver redd for å leggja den igjen i kommentarfeltet. 

mandag 4. februar 2013

FILM frå verdas høgste frittståande fjell - Kilimanjaro!

Slit litt med å få filmen inn på bloggen sidan den er blitt blokkert i Uganda grunna opphavsrett på musikken, men her er det link til filmen: