tirsdag 30. oktober 2012

Kabale - Bryllup


Kabale
OO yes, då var helga i Kabale innhenta, gjennomført og motatt. Me reiste den 26. kl 07.00 fra Kampala med den kjente postbussen. Litt annleis interiør på bussen en det me har i Noreg. Her er det både to og tre seter i breidden og alle vidusplasser har eit vindu du kan opne for å lufta eller kaupe mat, drikke og andre flotte greier som blir solgt på holdeplassane. Før avreise fekk me litt info og sjølvsagt ei fin bønn for å velsigne turen, av sjåføren sjølve, meget! Vegane i Uganda er eit kapittel for seg sjølve, men stikkord er; vaskebrett i alle sentrum (heftig system med fartsdumpar, om du sit bakerst i bussen lettar du frå setet), andre random humpar og byggearbeid nesten uavbrutt langs den 8 timar lange køyreturen. Kunne sagt mykje om bussturen, men får nøya oss med; buss i Uganda er ikkje som i Noreg! 

 Ankomst Kabale 16:45, der stod Therese og Elisabeth klare som egg til å få besøk av Norske venner fra hovudstaden. På fredagen fekk me sjå kyrkja, arbeidsplassen til kabale-jentene og me fekk eit inntrykk av kor vakert og grønt Kabale er. Forstår at Uganda blir kalla “The Pearl of Africa”. 



Vegarbeid og støv, støv. 


Idyllisk fjellandskap i Kabale!


Arbeidaplassen til jentene i Kabale. 


Bryllup
Laurdagen var kome og bryllupsdagen var i vente. Det starta med ein fin sermoni i kyrkja med tale, sang (ganske så ofte improvisert) og underskrift på ekteskapsløftet. Så hadde me fra strømme eit lite innsalg der me sang velsignelsen, også meget vil eg seia. Så var det bilettaking av brud og andre, deretter var det tid for mæt. Måltidet for gjestene gjekk føre seg ute, mens brudeparet, nær familie og (sjølvsagt i uganda) muzunguane(me) åt eigen mat i eit eige rom. Etter mat gjekk me ut for å høyra på talar, sangar, dans og gåveutdeling til brudeparet. Opplegget ute tok brått slutt da ein storm ankom Kabale I fem tida, det regna bøtter og spann, såpass at resten av festen blei avlyst. Litt kjedelig, men me håper dagen var ein sukse for brudeparet. Dei ser på regn som ei velsigning, ikkje som uvèr.




Jentene er kledd i den tradisjonelle kvinnedrakta. 


Kleskode og gudstjeneste
ganske likt som i noreg.


Liten kollekt til brudeparet, tydeligvis mest
symbolsk fordi folk gav relativt lite. 


8-9 bilar i tog for å ta bryppulsbilete. 






Veldig fint pynta! Potensialet var stort. 


Men regnet og vinden var ikkje heilt på lag, dette er
1,5 time ut i festen og dei fleste har  røymd området. 
Lake Buyonyi
Lake Bunyonyi var destination station på sundagen. For å komme seg til innsjøen må man køyra, så me jumpa på kvar vår boda. Turen opp til innsjøen var i seg sjølve som tysk smuldre kake for augene, fantastisk natur! Lake Bunyonyi er Afrikas nest djupaste innsjø og Ugandas djupaste, omgivnadane gjer den ikkje mindre attraktiv. Me leigde ein båt med guide som viste oss litt rundt innsjøen. Der fekk me blant anna sett Punishment Island, der blei  kvinner som var blitt gravide utanfor ekteskap sett til å døy (men som regel blei dei redda før den tid). Veldig stilig innsjø, det var ingen området ubebudd (noko som går igjen i heile Udanda), og jordbruk alle plasser det let seg gjera. Lake buyonyi blir i Uganda kalla for det Ugandas Sveits grunna det flotte fjellandskapet. Me hadde ein strålande dag som føyer seg inn i rekka av strålande dagar her i Uganda!


Hoteller langs innsjøen, veldig idyllisk.





 Etter ei innhaldsrik helg i Kabale bar det på måndagen heim att til Kampala. Livet i Uganda er herlig!

1 kommentar:

  1. Kjekt å lesa og følga me på ka som skjer der nede :) På det hotellet ved lake Bunyonyi bodde me (i telt) når me gjekk på gorilla safari, virkelig å anbefala :D

    SvarSlett