søndag 10. mars 2013

søndag 3. mars 2013

CHRISC- kontor

Litt usikker på om me har fortald noko om detta i tidlegare blogg-inlegg, men CHRISC har fått lov til å pussa opp eit stort rom på St. Martins Primary School. Detta skal brukast til dataopplæring og kontor. Eit håp er også at man via dette kontoret kan kopla ungdom som ikkje har noko fullført utdanning opp mot bedrifter i omegn der dei kan bli anset som lærlingar. Etter 9 månadar på ein slik plass kan dei få eit minifagbrev underteikna av CHRISC og bedrifta som dokumenterer at du har blitt lert oppi det gitte yrket. Om man ikkje har noko fullført utdanning kan det vera ei enkelt løysing for å på sikt få seg ein jobb. Urbaniseringa i Uganda er enorm, folk strøymer til Kampala for å få seg jobb. Konsekvensane er at dei med ingen utdanning har lite å stilla opp med i jobb samanheng, dette grunna stor konkurranse. Me håpar at denne ordninga kan hjelpa nokre av ungdomane som heng rundt St. Martin til å ta eit skritt vidare i livet.

Stort rom med stort potensial.

Leikne arbeidarar

Stillas av den enkle typen, her i full gong med taket. 

Kome godt i gong med oppussinga. 

Vil takka OMEGA som gav 2 stk berbare pcar til dette prosjektet, dei kjem godt med når rommet er ferdig oppussa. Vil også takka dei som gav pengar når me samla inn før jul - ein del av pengane blir brukt for å gjennomføra dette prosjektet.