lørdag 29. september 2012

Nye namn

Problem: No har det seg ein gong slik, at det har vist seg vanskeleg for ein vassekta afrikanar å uttala våre namn rektig, Jørund og Halvor blir fort til Joun og Alvo, eventuelt "Hæ?" Ganske festleg på ein måte, men også litt strevsomt å måtta forklara kvar einskild person korleis ein skal uttala namnet sitt, noko eg kan tenka meg ikkje blir så ratt sjeldan dei neste 7 månadane.

Løysing: Klannamn i Uganda blir praktisert i litt ulik grad, då det er store skilnadar mellom nord, sør, aust og vest i landet. Men for mange er det ideen om klannamn delt opp i 60 ulike klanar, forbud mot giftemål innad i klanen og forbud mot å eta kjøtt frå "klandyret", som er gjeldande. Kor strengt dette blir praktisert er som sagt veldig ulikt. 

Ugandarane på Hald var dermed rakse med å gi oss våre eigne Ugandiske namn. Å introdusera seg med ugandiske namn er visst veldig morsomt for ugandarane, men desto viktigare er nok at me då blir litt mindre stempla som muzungus, eller, det blir me kalla uansett! Men me kjem eit skritt nermare å bli ein del av kulturen. Blir bra.

Våre nye namn er Luquago (Jørund sitt namn, apeklanen) og Mukulu (Halvor sitt namn, ukjent klan, men betyr gamal/vis,mann). 

Det var alt for nå, så får me sjå neste onsdag! Om alt går etter planen skal me landa i entebbe, Kampala, onsdag kveld neste veke. Beinklar!


torsdag 27. september 2012

Hey!

6 innhaldsrike veker på Hald er nå innhalert og vel gjennomført. Ei kort oppsummering av undervisninga;
 - Me reiser til Uganda for å observera, lera og forstå kulturenn.
 - Det er store kulturelle forskjellar som me kan gjera lite med, sjølve om det kan verka feil frå vår kultur her i Noreg.
 - Utdannig er heilt grunnleggjande for eit fungerande samfunn.
 - Det me kan bistå med er å gi omsorg og merksemd til dei som treng det endå meir enn dei som allereie treng det.
 - Det kjem til å bli eit konge år på samtidig som det blir det mest utfordrande.

Me er eit tream på 4, som består av Camilla, Marie, Jørund og Halvor. Me skal bu saman på Safari Homes og jobba på Miles2Smiles og i Chrisc (skule og reiser rundt i Uganda). Veldig nøgd med prosjekta og teamet som reiser! Utreise onsdag 3. okt, blir magisk.