fredag 25. januar 2013

Vardas høgste frittståande fjell - Kilimanjaro!

Machame route (me stoppa ikkje på Karanga camp)

Kilimanjaro - machame route - 6 dagar
Bilete ovanfor illustrerer ruta me gjekk, kvar campane våre var plassert og på kva høgde (me stoppa ikkje på Karanga camp sidan kartet er for dei som går ruta på 7. dagar). Me valde å gå machame route(whiskey route), ei rute som er litt meir utfordrande lendemessig enn marangu route(coca cola route) som blir rekna som den enklaste ruta til toppen. Det er likevell større sjangs for å koma opp om man bruker machame route sidan denne skal vere litt betre på å venna oss til høgda - toppen på verdas høgste frittståande fjell er 5895 moh. 


Fjellet i sin majestetiske skikkelse. 

Oss fira frå kampala saman med teamet
frå Arusha, Bjarte og Kristian. 

Berarane - me hadde med oss 15 berarar, 1 kokk,
2 assistentguidar og ein hovudguide. 



 Dag 1
Fyrste dag gjekk me rundt 7 timar, heile dagen i regnskog. Stigninga var denne dagen på 1200 m. (frå 1800 til 3000 moh) og veret var tåleg greit, litt regen men det blei stoppa av skogen som omgav oss på veg opp. Allereie frå dag ein var tempoet på gåinga treeeegt, dette for å kunne takla høgda best mogleg - pole pole(sakte sakte)!


Dag 2
Vekking og frukost i 7.30 tida. Som alltid på slike turar så er campen sett opp når me kjem fram, berarane set opp telt lagar klar mat, rydder og pakkar ned etter oss. Me skal berre bera ein liten sekk med det som trengs for dagen, dvs. 3-5 l. vatn, lunch, regnklede og varmt tøy om det skulle bli kaldt. Me skulle gå frå 3000 til 3800, ein 7 timars tur. 



Berarane resier frå campen etter oss,
passerer oss tidleg på dagen og har
sett opp campen til me kjem fram. 




Tissepause
Det anbefaltes å drikka 3-4 l. vatn kvar dag for å forebygge høgdesjuka - det førte til fleire titals tissepausar dagleg. 


Me starta å gå i 9 tida og kom til å gå i 8 timar før me kom fram, dagen var ganske regntung dei siste 2 timane, men då me kom til campen løya det, kleda torka og me fekk i oss mat mens me såg ein fantastisk solnedgang. 

Campen dag 2 - shira hut. 
Dag 3
Dag 3. starta med fantastisk ver, noko som skulle vare så og seie heile dagen. Etappen denne dagen gjekk frå 3800, opp til 4600 og ned igjen til 3900. Lende har no blitt heilt ope og med slikt ver så var utsikten berre å nyta! Det vart ein lang dag der me passerte 4600 m, ein plass som heitte Lava Tower, her vart 2 av oss dårlege og måtte ty til oppkast på veg ned til 3900 m. 

Nydeleg utsikt mot toppen (høgste punkt ligg i høgre side)




Flott natur prega av at fjellet er
ein enorm vulkan. 


Litt gnagsår må til når dagane stort sett
inneber 7-8 timars gange. 







Lava tower

Dei som går ruta vår på 7 dagar eller meir har ei overnatting på Lava Tower som altså ligg 4600 moh, noko som fekk to av oss til å føla litt på høgdesjuka, dvs. dei flest av oss kjende hovudverk mens 2 av oss fekk litt meir, men dette gjekk over utover kvelden då me var nede igjen på 3900 moh. Bjarte er unntaket, han var dårleg store deler av turen, men det var ikkje berre grunna høgdesjuka. 

Normalt å finna seg ein plass med
god utsikt når man slo lens. 

På veg neg frå Lava Tower



Campen 3. dag. 
 Dag 4
Formen var varierande og dagaprogrammet var fullstappa. Me starta å gå 8.30 og skulle halda det gåande heilt til 5-6 tida på kvelden, dagen gjekk gjennom fascinerande natur med mykje opp og ned. Bjarte blei i betre form gjennom dagen og fekk att trua på at han kom til å nå toppen! Alle skulle naturlegvis nå toppen, det var mentaliteten frå dag 1!



Mykje stein og berg



 Etter ein lang dag nådde me endeleg Barafu camp, 4600 moh. 6 slitne kroppar fekk i seg litt fast føde (sjølve om matlysta var litt ymse) før dei gjekk og la seg i telta i 18 tida på kvelden. Me skulle sova til kl 23 då me måtte stå opp for å setja i marsj mot toppen som skulle nås innan soloppgang neste morgon! Dei fleste av oss fekk tilnærma ingen søvn då vingen på denne campen var så sterk at me heller låg å bekymra oss over om vinden kom til å blisa ned telta våre.


På kvar camp måtte me signera. 


Dag 5
Me stod opp kl 23 og rundt kl 00 natt til 5. dag sette me i marsj mot toppen. Me gjekk og gjekk og kroppane blei meir og meir slitne, det vart 6,5 timar med museskritt og jevnt med pausar opp mot toppen, vinden var bitande kald og hjalp ikkje på humøret. Men alle holdt samla og me nådde Stella Point i saman, det ikkje høgste punkt, men det er når man er ferdig med det meste av stigninga og kjem opp på sjølve krateret. Vegen frå Stella Point er å gå langs krateret ca 700 m for å koma til toppen. 

Vegen etter Stella Point mot toppen!


Mens me gjekk frå Stella Point mot Uhuru Peak (toppen av Kilimanjaro!) kom sola til syne og me måtte stoppa fleire gonger for å nyta ein fantastisk soloppgang frå kraterkanten rundt Kilimanjaro! 


Sjølve om det var eit relativt kort stykke med relativt lite stigning frå Stella Point til Uhuru Peak føltes det som ei eve å gå den siste etappen. Men opp kom med, alle i saman, kl 0700 16. jan 2013!



Etter å ha nytt utsikta og sola frå toppen var det berre å koma seg heim igjen. Ned til Barafu camp for å kvila  ein liten time før ein etappe på rundt 4 timar ned til siste camp. 


Sliten gjeng som nettopp har kvilt ein time ved Barafu camp. 

Guiden vår, Amani!

Dag 6
Mweka camp var siste campen, her fekk me oss ei god natt søvn der me sov betre enn nokon gong. Me delte ut tips til berarane og guidane våre, som takka ved å dansa og synga for oss. Etappen dag 6 var 3 simple timar ned til Mweka village der me fekk utdelt diplom og transport stod klar for å køyra oss tilbake til Arusha. Ein fantastisk tur!






tirsdag 22. januar 2013

Zanzibar og Infield


Me traff TEFT gjengen på Zanzibar heilt tilfeldig,
veldig kjekt å vera med dei eit par dagar!
På veg til snorkling må ded fyllas bensin,
med kanne og trakt..
Med ein gong me kom ut til øya fekk me sett
delfinar og sumd litt saman med dei før dei for sin veg.  

Snorkling på "Bill Gates Island"
Blekksprut - fekk sett an skifta farge og
spruta blekk, fascinerande dyr!

Nydelige sandbankar rundt øya






Nåttyrsafra vart feira nord på Zanzibar, fantastisk
sjømat stod på menyen. 
Èit hotell sendte opp fyrverkeri, men nok til å få
følelsen av nyttår. 

Me reiste til nord i håp om å finna hotell på kvelden, noko som viste seg å vera vanskeleg i og med at nyttårsafta er den travlaste dagen gjennom heile året. Me måtte ta til takke med å sova på stranda før me fekk booka inn på eit hotell neste morgon. Gjekk jo fint, sjølve om alle som kom forbi trudde me var fulle og ikkje fann vegen heim til hotellet.

Soving ute på stranda






Solbrent på lippene



Etter masse att og fram, inn og ut, opp og ned på Zanzibar, fekk me snorkla med delfinar, feira nyttårsaften på stranda og komt oss til Infield i Nairobi. Alle norsk utplasert i Afrika + nokre lærerar samla seg på Scripture Mission(NLM si tomt), eit flott område i utkanten av Nairobi. Dette blei til ein veldig meget vike, med tankevekkande undervisning, der me fekk satt prosjekta våre på avstand og frå eit anna perspektiv, interessant omvising i Mathareslummen, alle tiders fjelltur, og store mengder med sosialisering.

What?! Skal mi opp på kilimanjaro, ooo yes we shall! Snakkes! Innlegg om Kilimanjaro kjem sidan.


Sosial dag - tur til vulkanen Longonot. 




Besøk hjå eit prosjekt kalla Lepta, som held til i Matare
slummen i Nairobi. 




Brygging av veldig sterkt og veldig
avhengigheitskapande, MEN uhyre billig sprit/øl. 






Mat saman med dei som jobbar i Lepta, Etiopisk fingermat. 



Ole og Jørund alltid med nye forslag, krig med
svære palmeblader  i matsalen. 


God mat for oss som blei verande ein dag
ekstra på Scripture mission etter Infield.