onsdag 28. november 2012

Bodaboda-irritasjon

Om du undras kvifor kleskoden er bukse, i Uganda,
er det grunna kyrkjegang. Dykk må ikkje få inntrykk
av at det er kaldt her nede!


Bodaboda
I det siste har eg og Halvor fundert litt på kvifor mange bodasjåførar seier nei til å transportera oss. Mange følesar og tankar har funne vegen inn i dei to kreative, store og viduderlige hjernane våre. Bodaer som seier nei til ein pris som eigentleg er ok er eit til tider stort irritasjonsmoment i kvardagen. Me skjønner ikkje kvifor dei heller vil sitta på bodaen sin på hjørne enn å tjene pengar! Me hadde kanskje forstått det om prisen me tilbyr er for låg, sjåføren ikkje veit kvar me skal, om sjåføren er sliten/sjuk eller om dei har ein annan openbar grunn. Men dette er sjeldan tilfelle. Når me også veit at om ein lokal hadde tilbudt same pris for same strekning ville dei kjøyrd, blir me litt irritert. Ikkje bare fordi dei seier nei, men mest fordi dette er ein totalt ulogisk tankegang! Kvifor stå å venta når du kan køyra ein tur du vil tjena pengar på? Er dag-for-dag tankegangen til bodasjåførane så sterk at om dei har tjent nok pengar til dagens føde er dagens innsats god nok? Me veit ikkje kva desse bodasjåførane eigentleg tenkjer, og dei har sikkert sine grunnar, men det er ikkje alltid like lett for oss å sjå dei. Denne dag-for-dag tankegangen fungerer for mange, det verkar som det er slik fleirtalet her i Uganda tenkjer.

Det kan seiast mykje om dette tema, men det viktigaste for oss begge var i fyrste omgang å utrykka vår frustrasjon over det som ofte verkar veldig ulogisk for ein vassekta nordman. Takk for oss. Himla greit med boda då, tross alt.



Eit lite innblikk frå bybilete ein travel fredagskveld


Harde forhandlingar om ei krone frå eller til.
Det er blitt like mykje prinsipp som økonomi å
forhandla seg fram til rett pris.  






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar