lørdag 10. november 2012

Baksida av gullmedaljen

For å gjera dette klinkande klart; dette innlegget syner ikkje den ugandiske kvardagen, heller ikkje kvardagen på eit normalt Ugandisk sjukehus.


For å ta ting i rett rekkefølgje. Me har på Safari Homes (vår heim) truffet eit team frå Amerika som kallar seg Code: Purple. Dei har vore på turnè i afrika for å promotera og laga ein film om produktet deira. Dei har utvikla eit stoff som inneheld kjemikaliar for å halda Myggen på avstand. Veldig interessante folk med gode hjerter, inspirert av Gud. 

På Sundag, 2 dagar før dei skulle reise heim att til Amerika, lurte dei på om eg og Jørund på måndagen kunne fylgja dei til sjukehuset for å treffa ein person som dei kom over i ein landsby, som dei berre måtte hjelpa. Han hadde ein hudsjukdom i foten, noko som gjorde at halve foten var råtna/tært vekk. Mannen hadde ingen pengar og sjukdomen vil til slutt ta livet av ham om han ikkje får behandling. Team: Purple fekk frakta han til Kampala, til det einaste gratis sjukehuset i Uganda som også er det største. Dei ville at me kunne besøka han når dei reiste tilbake til Amerika, så fyrst måtte me presenterast.

Me kom til sjukehuset, eit stort området med mange store bygningar frå 60-talet, godt brukt.  Det stod fattige Ugandarar i kø overalt for å få gratis behandling. Etter kvart kom me til akutt-avdelinga der vår mann var innlagt. Synet som møtte oss kan ikkje seiast med ord og bør ikkje forklarast for detaljert, eit syns me aldri kjem til å gløyma eller kjem til å sjå likeins til igjen(håpar me). Pasientar låg på gamle metallsenger, nokon med madrass, andre med papp, nokon rett på metallet. Nokon hadde laken, andre hadde ei jakke og mange hadde ingenting, fleire låg i fosterstilling og fraus. Rundt 30 pasientar med stygge skadar låg og venta på behandling. Blodtrekte, blaute eller skitne laken, opne sår, illeluktande, folk med skadar du berre ser på film, fluer og mygg som fritt kunne boltra seg utan å bli hindra av myggnett eller nett forran vindauge og dører. Forholda var horible og skadane like så! Traff blant anna ein som hadde vore utsett for ein brann dagen før, armane og nevane var totalt forbrent, ubeskriveleg syn, fjeset hans var nokså prega. Han låg på andre døgeret og venta på behandling, armane og fjeset låg heilt opne og ubehandla. Me fekk gitt han litt saft og samosa(mat), me ba også ei lita bønn for han, noko han sette særs stor pris på! Familien hans dø i brannen og han hadde få eller ingen til å ta seg av seg. Det var berre å innsjå at han ikkje hadde lenge igjen å leve, om ikkje skaden i seg sjølve var nok vil infeksjonar og bakteriar ta livet av han. (Refererer til at dette ikkje er representativt for Uganda som heilskap, dette var akuttavdelinga på ugandas største sjukehus, og ugandas einaste gratis som sådan!)
Me traff vår mann. Dei tok nokre prøvar av beinet hans og han blei beden om å koma tilbake 15. des, allt tyder på at det blir amputasjon av beinet. Hyggeleg mann som sette veldig pris på å få hjelp! Han kjem til å klara seg om ting går som planlagt.


Henry har sjekka ut, kjem tilbake i midten av des.
Veldig glad mann, blir spanande å fylgja han. 


Man får ingenting gratis her i verda, heller ikkje i Uganda. Eit gratis sjukehus ja, men pasientane betalar ein særs høg pris via mangel på doktorar, sjukepleiarar, kapasitet, god hygiene og utstyr(både medisinsk, sanitært og administrativt). All ære til dei som jobbar på dette sjukehuset med låg lønn, vanskelege arb. forhold og ja, mangel på alt som trengs for å driva eit sjukehus medan straumen av pasientar som treng behandling er enorm! Dei er rett og slett heltar i kvardagen!. MEN, det er ekstremt bra at dette sjukehuset finnes, fattigdomen er stor og ekstremt mange ville aldri hatt moglegheiten til å betala for seg på eit sjukehus! For mange ville alternativet til dette sjukehuset vore ingen behandling, overlatt til seg sjølve, familie og venner utan ressursar til å gjera nokon ting.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar