fredag 30. november 2012

Å flytta fokus, snart jul!


Emanuel utdannar seg innan sosialt arbeid og administrasjon, han er halvvegs på sitt 3. og siste år. Gjennom studiane har han praksis i ein organisasjon/bedrift som driv sosialt arbeid. Ingen ville stoppa han i å velja ein betalt arbeidsplass men han har valde å jobba på Miles2Smiles. Også her kunne han ha krevja betaling for det arbeidet han gjer, men av eigen vilje har han valt å jobba ulønna. Då eg snakka med han om valet av arbeid, sa han dette; ”Working with these kids is a lot more worth than money”.

Working with these kids is a lot more worth than money”. Kva betyr det å seia noko slikt? Ein set det som burde vere øvst på prioriteringslista nettopp øvst på prioriteringslista. Pengar er grunnmuren i det materialistiske samfunnet me i Noreg boltrar oss i, å kunna fråseia seg denne grunnsteinen til fordel for noko som er verdilaust i valuta høyres kanskje ut som dumskap for nokon. Men det er vel nettopp dette me alle burde strekkja oss etter, å kunna seia det same som Emanuel og meina det på same tid? Å flytta fokus frå det materialistiske over til det medmenneskelege er ikkje lett på nokon som helst måte, men er det til sjuande og sist dette som betyr noko? 

Det nærmar seg jul, mange utgiftspostar og mykje å hugsa på. Eit par fakta før du set i gong med dyre handleturar. Som den ekta nordmann du er, føyer du deg inn i rekka av av dei 20% i verda som set krav på 80% av verdas ressursar og den gjennomsnittlege årsløna i Noreg kan løna ikkje mindre enn 60 politifolk i Uganda (12 timar arbeid 6 dagar i veka). Prøv i desse juletider å setja pris på det du har, kanskje gi nokre alternative gåver (Kirkens Nødhjelp) og hugs på familie og venner, det som eigentleg er verdt noko.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar