fredag 7. desember 2012

Status

Litt forandring i kvardagen
Berre ein liten status oppdatering frå Uganda. Den fyrste månaden jobba me 2 veker i kvart prosjekt for så å prøva 2 dagar i kvart prosjekt i 2 veker. Etter desse seks vekene gjekk me over til den nåverande ordninga, ei veke i kvart prosjekt og me har (endeleg – nei da!) gått over til å jobba saman i dei opphavlege para, eg og Jørund jobbar altså saman etter å ha (måtta) jobba saman med jentene ei stund. Den fyrste tida jobba eg og Jørund kvar for oss, saman med ein av jentene, dette var litt grunna ynskje om å få ein gradvis overgang når det gjaldt onklar i barnehagen(Catherine var litt skeptisk). Kjekt å høyra at etter ei tid med både meg og Jørund i barnehagen er Catherine særs nøgd og ikkje lenger redd for å ha onklar til å arbeida i barnehagen.  Vekene som har gått har med andre ord  vore veldig bra! No som ferien har starta er det veldig få ungar i barnehagen. Det var graduation-party for dei eldste i barnehagen sist sundag, etter den dagen har det berre vore rundt 25 ungar. Rolege dagar på Miles, gir oss meir tid til å prata med tantene og delta litt på Microfinance (drevet av Catherine), me får sjå seinare kva det kan innebera. 




CHRISC
CHRISC på St. Martin er sett på pause fram til slutten av Jan. grunna ferie. I Des. og Jan. skal me difor jobba ein del på kontoret (Strømme sitt kontor, CHRISC har avdeling der) kombinert med litt turar til Ndejje (liten plass med stort universitet ein liten time utanfor Kampala, eit flott området med mykje chrisc-aktivitet). I tillegg blir det å driva litt fotball, nettball og volleyball på St. Martin på laurdagar, tirsdgar og torsdagar om ting går etter planen.  





Dressbuksa mi
Ellers går ting veldig greit! Eg har levert inn dressbuksa mi to gonger for å få den litt slankare, utan særleg  hell – ingenting har skjedd. Har no levert den den inn for tredje gong i håp om at ho ville forstå kva eg meinte med ”make it more slim”, denne gong med hell. Jakkene kunne dessverre ikkje sys mindre, ho sa at me burde sagt frå på førehand om at me ville ha dei mindre (som om me ikkje gjorde det?). Festleg sak!

Ferie
25. des. reiser me til Dar Es Salaam og vidare til Zanzibar 26. des. Derifrå går turen til Nairobi for Infield (samling for Hald- studentar som er i Afrika) fyrste veka i januar og så går mest sannsynleg turen til Kilimanjaro før me set kursen til bake til Safari Homes! Blir ein lang og opplevingsrik juleferie, me gler oss.


Sugarcane


Village og besøk av Marte
Besøk i villagen til leraren vår i luganda, Anannias. Ein timer køyring frå kampala, veldig fint plass. Fekk veldig god mat og fekk sjå korleis dei dyrka ulike planter og diverse anna. Veldig kjekk dag!

Hadde også besøk av Marte, syster til jørund, ei vekes tid. Ho blei med oss på jobb, til villagen og ellers det me fann på. Kjekt å få besøk. 



Rett og slett ei ku. 

Vår interessante luganda-teacher,
veldig festleg fyr!



Lagbilete må alltid takas. 
   
Besøk av Bjarte, internasjonal leiar for CHRISC.
http://uganda.chrisc.org/?p=208

Siste kamp i turneringa før sumarferien tok til.

Og vinnarlaget vann sjølvklart... ei geit!

Hagen på Safari Homes, prøver å få til stativ
for slackline. Byggeprosjekt i bakgrunnen,
ferditstilt no. 



På besøk hjå ein av staben på Safari Homes. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar