fredag 21. desember 2012

Lyst til å hjelpa?


Etter 2 månadar i Uganda har fattigdom og det Ugandiske samfunnsmaskineriet blitt ein del av kvardagen vår, det inneber blant anna at me ikkje lenger reagerer så sterkt på det som i starten gjorde store inntrykk på oss. Lysten til å hjelpa dei som har så alt for lite har ikkje forsvunne av den grunn, tvert i mot. Me ser kor lite som trengs for å hjelpa - om det er snakk om barnehageplass, skulegang, enkelt sikkerheitslutstyr, klede eller berre ein ven. Det er merkeleg og kanskje litt paradoksalt å seia dette, men pengar gir oss enorme moglegheiter i ein kultur som denne. Eg veit ikkje korleis me kan få dykk i Noreg til å forstå Uganda og alle behova som medfylgjer, kor lite som trengs for å utgjera ein stor forskjell i ein fattig Ugandar`s liv. 

Lyst til å ein eingongssum for å bidra til å
        gi skulegang til ein unge eit heilt år?                                 Ca. 800 kr.
        gi barnehageplass for ein unge på Miles2Smile?          Ca. 250 kr/mnd.
        gi pengar til diverse innkjøp                                             Frå 1 kr. og opp!    

Konto nr.: 9722 56 41858
                                       
Skulen er ein naboskule til Miles2Smiles, ikkje den billigaste skulen men relativt billig. 800 kr. betalar for alt utanom bøker og skrivesaker, det seier Catherine at foreldra må skaffa sjølve for å ikkje fråskriva dei alt ansvar. 

Barnehageplass kostar for foreldra 20 kr/mnd, strømmestiftelsen og andre sponsorar betalar den resterande summen. 

Diverse innkjøp er tenkt mest for f.eks. fotballar til skulen og anna idretsutstyr, kjøkkenutstyr o.l til Miles2Smiles, det er stort potensiale for å forenkla/forbetra kvardagen med enkle innkjøp. Kanskje også litt utstyr til Mulago Hospital som bandasjar, hanskar (eingongs), såpe og eller anna. Sjukehuset blir prioritert etter både skulen og Miles2Smiles. Eit eksempel på slike innkjøp er ei gryte som me fire kjøpte inn til Miles, den kosta 500 kr. og kokar vatn til ungane(til å drikka), noko dei før hadde liten moglegheit til - ungane spurde etter vatn fleire gonger dagleg, spesielt på varme dagar. 

Jørund og eg har lyst til å hjelpa dykk heima i Noreg til å kunna gjera noko konkret. Me gjer dette heilt uavhengig av Strømmestiftelsen, berre privat og i liten skala. Om du har lyst til å bidra set me stor pris på dette, om du gir 1 kr. eller 50 kr. så set me pris på alt me kan få inn, lite pengar kan gjera stor forskjell! Me vil fylgja opp pengane du gir ved å linka deg opp til det du vil støtta ved bilete, kommunikasjon på mail/face o.l.

Tykkjer du dette høyres givande ut, ber me deg ta kontakt på mail eller facebook for å få meir informasjon om «prosjekta». Det er mogleg å gi heil til midten av april då me reiser heim i slutten av av april. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar