mandag 25. februar 2013

Tur med CHRISC

I sist veke var me tilbake i den sør-vestlege delen av Uganda, nærmare bestemt Kisoro og Kabale og anledninga var workshops med CHRISC. Gjennom CHRISC skal me i løpet av våren rundt til alle distrikta (Kabale, Kisoro, Ndejje, Arua og Mbale) for å halda workshops/ leiartrening. Me har laga eit program som går på haldningar, sjølvtillit, teambuilding og feedback på organiseringa av CHRISC. 


Spesielt naturfenomen me oppdaga på vegen. Veit i grunn ikkje om
det er så spesielt, var i alle fall veldig fint. 

Kisoro- district. 

Utsikt til Lake bunyniy, fantastisk landskap. 

Kisoro district ligg på grensa til Rwanda og Kongo, grunna
 mykje urolegheiter i Kongo kjem det mange flyktningar til
Uganda fram til det er trygt å reisa heim att. Dette
er ein av leirane, sett opp av FN. 

Kisoro- district
Kisoro er eit fantastisk område, mest grunna klimaet som er utrulig frodig med flotte fjell og mykje landbruk (matoke og irish potatoe). Som Semei sa på førehand er Kisoro best i klassen når det gjeld "african time", dette har nok mange grunnar men den lange avstanden mellom villegane kombinert med lite transport er nok største grunnen. Heile tysdagen køyrde me opplegget vårt mens Semei brukte onsdagen til sin evaluering av CHRISC. Alt i alt to gode dagar, deltakarane sette pris på seminara og me hadde det kjekt. 



Altid mange som har lyst til å seia noko, her er det pastoren. 

Marie på god gli!

Evaluering av CHRISC. Å fylla ut skjema på PC for
ugandarar er nesten verdt eit eige blogginlegg, men det
gjekk seg til med ein god dose tips og veiledning. 



Pygmy-folket
Pygmy-folket er eit folkeslag som opphaveleg er kortvaksne, å seia at alle fortsatt er kortvaksne er feil(grunna nye gen som har kome inn i bilete), men mange er det fortsatt korte og dei er ganske karakteristiske i og med at deira eigentlege habitat er skogen. Ein stamme frå pygmy-folket (om lag 200) blei for 10 år sidan tvinga til å flytta inn til Kisoro sidan store delar av skogen deira vart hogd ned og regjeringa på sikt vil urbanisere pygmy-folket. Lite omsyn blei tekne og trua på at eit folkeslag med tradisjon utvikla gjennom generasjon på generasjon kunne forandra seg på ein augneblink slo (sjølvsagt) feil. Dei har hatt store problem med å venna seg til samfunnet og lever helst av tigging, lokalt alkohol, matrestar og søppel. Me fekk lov til å besøka området dei hadde blitt tildelt og etter kvart aksepterte å bu på, meget interessant men på same tid meget trist. Forholda var horrible, enkelt og greit. Det skal seiast at humøret var på topp, etter at me gav dei litt pengar som betaling for at dei kunne synga og dansa. 




Husa dei bur i. Dei hadde også eit par murhus som dei i
starten ikkje vill ta i bruk, men etter nokre år har dei funne ut
at det kan vera nokså praktisk når det regjar (noko som ikkje
er så sjeldan i dette området.)


Kabale- district
Kabale har nesten lik natur som Kisoro, er difor ikkje så mykje meir å seia om den. I Kabale er CHRISC litt meir utvikla enn i Kisoro, leiarane er også eldre og meir utdanna. Me merka dette godt under seminara våre- stor deltaking og særs gode diskusjonar om viktige tema som blant anna straff av ungar, stjeling, leiarane sitt ansvar når det gjeld sjølvtilliten til deltakarar og mykje anna. Veldig interessant å samla reflekterte undgomar/ unge vaksne å snakka om og diskutera slike grunnleggjande og viktige tema. 




Veldig kjekt å besøka slike området som "arbeidar" og ikkje som turist. Me blir vel å merka behandla og respektert veldig fint sidan me både er muzungu, jobbar for CHRISC og reiser saman med den nasjonale koordinatore (Semei), men tross dette så er me ikkje turistar og det gjer at man får ei litt anna tilnærming på ting. 

Me skal seianre også reisa til Arua, Mbale og Ndejje med same opplegg som i Kisoro og Kabale. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar