Mikrorinans er ei av satsingane til Strømmestiftelsen og me er så heldige å få bli inkludert i slike grupper både via Miles2Smiles og CHRISC. Det er organisasjonane sjølve som har tatt initiativ på å starta opp slike grupper og Strømme har stilt opp med utstyr og eit ferdig designa konsept som er lett å nytta seg av kalla CMMF.
Saman med ein folkehøgskule blei me med til Ndejje, det største og mest aktive CHRISC- distriktet, for å møta nokre slike mikrofinansgrupper. For CHRISC er dette eit nytt prosjekt som vert stara i mars 2012. Dei er no over 60 grupper på 20-30 personar (flest kvinner) og planlegg å auka til talet på grupper så godt det lar seg gjera.
Kva er CMMF?
Community Microfinance Managed Fund er enkelt forklart ein bank med gunstige spareavtalar for dei fattigaste.
Grupper
- Grupper på 20-30 fattige, idèrike menneske skriv under på ein avtale om danne ei CMMF- gruppe og dei vilkåra som fylgjer med å ta del i ei slik gruppe.
- Ei gruppe held på i ein gitt periode, f. eks. 9 mnd. Etter perioden får du 3 val:
- Etter denne perioden kan du hente ut pengane dine med utbytte.
- Hente ut utbytte og fortsette i gruppa.
- Fortsette i gruppa og la ver å hente ut utbytte - då blir behaldninga di større og du vil kunne henta ut enda større utbytte etter neste periode (same prinsipp som i vanleg bank ved at meir pengar vil tjena meir på rentene).
Møter
- Gruppene har møte vekentleg, alle medlemma må møta på kvart møte, det er eit av vilkåra du må signere for å bli med.
- Om du ikkje møter opp er avtalen at du må betala 5 000 ugx i "bot".
- På møte kan man søka gruppa om lov til å ta opp lån, dette kan vere på opp til 3 gonger det beløpet du har spart deg opp i banken. Om gruppa godtek førespurnaden får du utlevert pengane og du må skriva under på at summen du går utdelt er korrekt.
- På kvart møte leverer du inn opptente pengar til banken, dette blir notert i ei privat bok samt ei felles bok for heile gruppa.
- Innleverte pengar blir samla i ei kiste med 3 hengelåsar - 3 ulike personar med tillit frå gruppa får utdelt nøkkel til kvar sin hengelås.
- Leiaren og dei som har ansvar for pengane er alle personar som heile gruppa føler dei kan stola på og er vald på dette grunnlaget.
- Under møte skal kassen med pengar og dei som tel pengane sitja slik til at resten av gruppa har oversikt over det som skjer.
![]() |
Boksen med alle pengane og bordet der alle beløpa som blir levert inn /lånt ut blir notert. |
Mål og gevinst
- Lån skal betalas tilbake med rente, ofte 5%, men dette er opp til gruppa og blir bestemt av gruppa ved oppstart.
- Medlemer blir oppfordra til å ta lån sidan dette er gir vekst for banken og gruppa.
- Både lån og bøter blir i slutten av perioden fordelt på medlemma i forhold til kor mykje pengar den har ståande i banken.
- Gjennom året blir det utveksla erfaringar og lering gjennom gruppa sine vekentlege samlingar.
- Dei fleste medlemene har aldri spart pengar før - dette gir dei nyttig lering om at det går ann å spara og i tilleg tena pengar på det.
- Fordelen med desse gruppene er at dei forutan startkapital og retningslinjer er drevet 100% av gruppa.
- Etter endt periode har gruppa sansynlegvis spart opp ein god pott med pengar. Ei av gruppene me besøkte hadde planar om å bruka dei oppsparte pengane på å bygga ein skule.
Fattige får hjelp til å spara pengar og hjelp til å ta opp små lån som kan vera avgjerande i liva deira. Det er fascinerande korleis eit slikt konsept kan halda det gåande heilt på eiga hand berre ved hjelp av nokre retningslinjer, noko utstyr og ein oppstartsum. Å sjå at eit så enkelt prosjekt, som etter oppstart i teorien er sjølvgåande, har så positive konsekvensar for miljø og enkeltpersonar er mildt sagt imponerande.
Om du har spørsmål eller kommentar - ikkje ver redd for å leggja den igjen i kommentarfeltet.
Om du har spørsmål eller kommentar - ikkje ver redd for å leggja den igjen i kommentarfeltet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar