fredag 5. oktober 2012

Første inntrykk

Då har me vore i Uganda i to heile dagar, føles som ei veke! Inntrykk på inntrykk og for å gjera det klinkande klart, Afrika levere!  Det første som slår ein er den klamme lufta, lukta av afrika (udefinerbar) og varmen. Deilig å kjenna afrika på kroppen og dra det inn i systemet. Køyreturen frå flyplassen til kampala var akkuratt som ein har fått inntrykk av når det gjeld Afrika, har dei nokon reglar? Deilig å sitja i bilen og sjå afrika langs vegen, folk over alt, boder, ungar, bodabodar, ja, liv generelt. 





Desse to dagane har me vore på infomasjonsrike møter med Strømmestiftelsen, Chrisc og Miles2Smiles. Me har også møtt kontaktpersonane våras, og inntrykke me har av dei så langt er at dei er veldig morsome, hjelpsome og er klar for å ta litt ansvar oven for oss. Dei har teke oss med rundt i Kampala og gitt oss ein kjapp introduksjon i Ugandisk kultur. Veldig interessant og spennande, blir fantastisk å bu her i 7 månadar! 

Det har vore to dagar med observering og innhenting av inntrykk, og det trur eg me kan fortsette med i 7 måndar, for her er det mykje nytt og utrolig mykje spennade. Alt er så facinerande, uansett kor ein ser. Dei første inntrykka er at Afrika er Afrika, det er akkutatt slik man får forklart og slik bileta viser at det er. Det er faktisk slåande kor godt det oppfyller forventningane. Det er stilig å sjå korleis dei klarar å bruka alt mulig til eit levebrød, om det er å bruka sykkelen som slipemaskin, dekk til sandaler, boder med bildeler, sykkeldeler, gamal råten ved, eller anna, er du kreativ så klarar du deg. Smarte løysingar er ingen mangelvare i Uganda. 

Må bare nemna dagens høgdepunkt, Miles2Smiles! Å koma inn i barnehagen var heilt utrulig, det er ikkje tull at du har 5-10 ungar klatrande på deg med ein gong du flytter kroppsdelane dine innan for porten. Dei kom springane i store mengder og ville ta på håret, sitja på fanget eller halda i ei hand. Me fekk berre 10 min i denne omgang, men det var ein fantastisk oppleving. Miles2Smiles er ein fantastisk plass som kjem til å kreve mykje energi og det kjem til å gi mykje glede dei neste 7 månadane! 


2 kommentarer:

  1. Herlig! Gøy å lese bloggen deres :)
    Nyyyyt de første dagene og alle inntrykkene!
    Dere er SÅ heldige!!!!!!!!!!

    SvarSlett
  2. Nyt dagene. Pass på fingrene(de blir fort lange), og slakt ei høne! (Apg 10,13)

    SvarSlett