tirsdag 16. april 2013

Visiting the BOSS


Gorilla safari
Fredag 5 april tok gjengen turen til Buwindi nationalpark, for å sjå på sjefen sjav og familien hans. Navnet på gorilla familien mi skulle sjå var Habinyanja, og hadde 18stk medlmer. Kl: 04.30 stod mi opp fredagsmorgon for å rekke bussen som skulle gå 05.30, men mi hadde fått beskjed om å vere der 05.00. Så mi fekk oss ein frisk boda tur ned til byen, for så å stige inn på ein meget ordinær ugandisk buss. Bussturen ned tok 12 timar og framkalte dødsangsten i periodar, så når mi endeleg nådde fram, var mi ganske sliten og klar for ein godnatt søvn.
Laurdag 6 april, kom dagen mi hadde venta på i fleir måndar! Dagen starta bra med ein god frukost, ein ugandisk lagd film om gorillar og ein kort brief om korleis og kva som skulle skje iløpet av dagen. Marie, Halvor, Camilla og meg kom i gruppe med to hygglege mennesker fra Sveits, som fylte ut den allerede godt utfylte gruppa enda bedre. Mi hoppa inn i bilen deira og kjøyrde nokre km til der mi skulle begynne å gå ifra. Turen opp til gorillane var heilt fantastisk, kjempe vær, nydeleg landskap og utruleg fin utsikt. Siste 800 m gjekk mi freestyle, så guiden måtte hogge fram ein sti til oss med macheten sin.  Når mi kom fram til gorillane, fekk mi beskjed om at her skulle mi vere ein time og det var ikkje sikkert mi såg alle 18 dyra. Mi såg fyst 3 mødre og to ungar som hang på mangen deir. Mi var ca 5 m ifra, veldig spennade og utruleg spesielt å sjå kor like dei æ oss mennekse. Mi traska så litt lengre ned i skogen, for å sjå to «ungdommar» plutseleg kom sjefen gåande roleg forbi. Eit episk augonblikk mi aldri kjæm til å gløyme! Han vog 250kg, og var massiv. Han såg ut som ein stor muskelklump med fjes på. Ikkje vanskeleg å tru at han styrte det område av jungelen! Mi brukte resten av tida på å sjå og studere denna silverbacken og to damer han hadde med seg. Etter 1t 20 magiske min måtte mi forlate Habinyanja familien og begynne turen heim atte. Den kvelden måtte Halvor og eg henge litt før mi fekk økken ein meget godnatt søvn.
Søndag 7 april, hadde mi ein behaglig reise heim igjen med special hier. Alt i alt ein fantastisk helg, veldig spesielt og få sjå og oppleve ville gorillar så nærme, ein opplevelse mi anbefaler til alle!






































 

 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar